Ester 8:5-11 N11NN

5 og sa: «Dersom kongen finn det for godt og han ser på meg med velvilje, om saka er rett for kongen og han synest godt om meg, så skriv og kall attende breva frå Haman, son til Hammedata, agagitten, dei som han skreiv då han la planar om å gjera ende på jødane i alle kongens provinsar.

6 Korleis skal eg klara å sjå på det vonde som elles vil råka folket mitt, og korleis skal eg klara å sjå at slekta mi blir øydelagd?»

7 Då sa kong Xerxes til dronning Ester og jøden Mordekai: «Sjå, huset til Haman har eg gjeve til Ester, og sjølv har han vorte hengd på ein påle fordi han ville leggja hand på jødane.

8 Set no opp eit skriv om jødane i kongens namn, slik de finn det best, og set kongens segl på det med signetringen hans. For eit skriv som er utferda i kongens namn og forsegla med kongens signetring, kan ikkje kallast attende.»

9 Kongens skrivarar vart straks kalla saman. Det var den tjuetredje dagen i den tredje månaden, det er månaden sivan. Dei skreiv alt ned slik Mordekai baud, til jødane og til satrapane, statthaldarane og leiarane i provinsane frå India til Kusj, 127 i alt, til kvar einskild provins med den skrifta dei brukte der, og til kvart einskilt folk på det språket dei tala, også til jødane med den skrifta dei brukte og på det språket dei tala.

10 Breva vart skrivne i namnet til kong Xerxes, forsegla med kongens signetring og sende med ilbod som reid på raske hestar frå kongens eigen stall.

11 Der stod det at kongen gav jødane i kvar by lov til å stå saman og forsvara livet sitt. Dei kunne utrydda, drepa og gjera ende på kvar væpna styrke i alle folk og provinsar som gjekk til åtak på dei, også barn og kvinner. Eigedomane deira kunne dei plyndra.