1 Den trettande dagen i den tolvte månaden, det er månaden adar, skulle kongens ord og lov setjast i verk. Fiendane av jødane hadde vona at dei skulle få makt over dei på denne dagen, men no hende det motsette; det var jødane som fekk makt over alle som hata dei.
2 Jødane samla seg i byane sine i alle provinsane til kong Xerxes for å leggja hand på alle som ville dei vondt. Det var ingen som kunne stå imot dei, for det hadde kome ei redsle for dei over alle folk.
3 Alle leiarane i provinsane, satrapane, statthaldarane og kongens tenestemenn støtta jødane. Det hadde kome over dei ei redsle for Mordekai,
4 for han hadde vorte stor i kongens hus. Og gjennom alle provinsane gjekk ryktet om Mordekai, mannen som stadig vart mektigare.
5 Jødane slo alle fiendane sine med sverd; dei drap dei og gjorde ende på dei. Dei gjorde som dei ville med alle som hata dei.