22 For det var på desse dagane jødane hadde fått fred for fiendane sine, og i den månaden klaga vart vend til glede og sorga til fest. Difor skulle dei feira dei som dagar for fest og glede og senda mat som gåver til kvarandre og til dei fattige.
23 Jødane gjorde det til tradisjon, det som dei hadde teke til med, og som Mordekai hadde skrive til dei om.
24 For Haman, son til Hammedata, agagitten, motstandaren til alle jødar, hadde planlagt å gjera ende på jødane, og han hadde kasta «pur», det er lodd, for å knusa dei og gjera ende på dei.
25 Dette kom fram for kongen. Då baud han i eit brev at dei vonde planane som Haman hadde lagt mot jødane, skulle koma over hans eige hovud. Slik vart både han og sønene hans hengde på pålen.
26 Difor blir desse dagane kalla «purim», etter ordet «pur». På grunn av alt som stod i dette brevet, og på grunn av det dei hadde sett og opplevd,
27 gjorde jødane det til tradisjon for seg sjølve, for sine etterkomarar, og for alle som ville slutta seg til dei, at dei kvart år, utan unnatak, skulle feira desse to dagane til fastsett tid, som det var skrive.
28 Desse dagane skulle minnast og feirast gjennom alle tider og i alle slekter, i kvar provins og i kvar by. Purim-dagane skulle aldri falla bort mellom jødane, og aldri gå av minne hos etterkomarane deira.