7 dessutan drap dei Parsjandata, Dalfon, Aspata,
8 Porata, Adalja, Aridata,
9 Parmasjta, Arisai, Aridai og Vaisata,
10 dei ti sønene til Haman, son til Hammedata, jødane sin motstandar. Men dei la ikkje hand på byttet.
11 Same dagen fekk kongen talet på dei som var drepne i borga Susa.
12 Då sa han til dronning Ester: «I borga Susa har jødane drepe og gjort ende på fem hundre mann, dessutan har dei drepe dei ti sønene til Haman. Kva har dei så ikkje gjort i dei andre provinsane til kongen? Er det noko du vil be om, skal det bli gjeve deg. Har du eit ønske, skal det bli oppfylt.»
13 Ester svara: «Dersom kongen finn det for godt, så lat jødane i Susa også i morgon få handla etter den lova som gjeld i dag, og lat dei ti sønene til Haman bli hengde på ein påle!»