12 så skal du få visdom og skjøn. Men eg vil òg gje deg så mykje rikdom, gods og ære som ingen av kongane før deg har hatt, og ingen etter deg kjem til å få.»
13 Så fór Salomo frå offerhaugen i Gibeon, bort frå møteteltet og heim til Jerusalem. Og han tok styret over Israel.
14 Salomo fekk seg mange vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem.
15 Kongen gjorde sølv og gull like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela.
16 Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue for betaling.
17 Kvar vogn som dei førte heim frå Egypt, kosta seks hundre sekel sølv, og kvar hest hundre og femti sekel. Sameleis henta dei vogner og hestar til alle hetittkongane og aramearkongane.