2. Krønikebok 32 N78NN

Kong Sankeribs hærferd mot Juda

1 Ei tid etter at Hiskia hadde gjort dette og synt så stor truskap, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot Juda. Han kringsette festningsbyane der og tenkte han skulle få dei i si makt.

2 Då Hiskia skjøna at Sankerib var komen og ville strida mot Jerusalem,

3 samrådde han seg med stormennene og hærførarane sine om å tetta for vatnet i kjeldene utanfor byen, og dei stødde han i det.

4 Det samla seg då mykje folk, og dei dytte til alle kjeldene og like eins bekken som renn gjennom landet. Dei sa: «Kvifor skulle assyrarkongen koma og finna rikeleg med vatn?»

5 Så gjekk Hiskia med godt mot til verket. Han bygde opp att muren kvar stad han var nedriven, og reiste tårn på han, og utanfor bygde han ein annan mur. Han sette Millo i Davids-byen i stand og fekk laga ei mengd med kastespyd og skjold.

6 Så sette han hærførarar over folket, samla dei hjå seg på torget framfor byporten og sette mot i dei med desse orda:

7 «Ver djerve og sterke! Ver ikkje redde, og lat dykk ikkje skræma av assyrarkongen og heile den hæren han har med seg. For det er ein større med oss enn med han.

8 Med han er menneskemakt, men med oss er Herren vår Gud. Han skal hjelpa oss og strida for oss.» Og folket leit på det Hiskia, Juda-kongen, sa.

9 Så sende Sankerib, assyrarkongen, som låg utfor Lakisj med heile stridsmakta si, nokre av mennene sine til Jerusalem, til Hiskia, Juda-kongen, og alle judearane som var med i Jerusalem, og sa:

10 Så seier Sankerib, kongen i Assyria: Kva er det de set dykkar lit til, sidan de roleg lèt dykk kringsetja i Jerusalem?

11 Hiskia vil at de skal døy av svolt og torste. Difor lokkar han dykk og seier: «Herren vår Gud skal berga oss for assyrarkongen.»

12 Var det ikkje denne Hiskia som tok bort offerhaugane og altara hans og sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor eitt altar skal de bøya dykk og tilbe, og berre på det skal de ofra!»

13 Veit de ikkje kva eg og fedrane mine har gjort med alle folka rundt om i landa? Har vel dei gudane som desse folka dyrkar, kunna berga landa sine for meg?

14 Kven av alle gudane åt desse folka som fedrane mine bannstøytte, har kunna berga folket sitt for meg? Og så skulle dykkar Gud kunna berga dykk!

15 Lat ikkje Hiskia få narra dykk! Lat han ikkje få lokka dykk på den måten! Tru han ikkje! For ingen gud hjå noko folk eller i noko rike har kunna berga folket sitt for meg eller fedrane mine. Kor mykje mindre vil då dykkar gud kunna berga dykk!

16 Desse og mange andre ord tala mennene hans mot Herren Gud og mot Hiskia, tenaren hans.

17 Han skreiv òg eit brev for å spotta Herren, Israels Gud, og tala mot han. Der stod: «Likså lite som gudane åt folka rundt om i landa har berga folka sine for meg, likså lite skal guden åt Hiskia kunna berga sitt folk.»

18 Og dei ropa med høg røyst på judeisk mål til Jerusalems-buane som stod på muren. Dei ville skræma dei og gjera dei motlause, så dei kunne ta byen.

19 Og dei tala om Jerusalems Gud på same vis som om gudane åt andre folk på jorda, dei som er laga av menneskehand.

20 Då kong Hiskia og profeten Jesaja Amosson høyrde det, bad dei og ropa til himmelen.

21 Og Herren sende ein engel som gjorde ende på alle krigarar, hovdingar og stormenn i leiren åt assyrarkongen, så han med skam og vanære laut fara heim att til landet sitt. Og då han ein gong gjekk inn i templet åt guden sin, kom nokre av hans eigne søner og hogg han ned med sverd.

22 Såleis frelste Herren Hiskia og Jerusalemsbuane frå Sankerib, assyrarkongen, og frå alle andre fiendar, og gav dei ro på alle kantar.

23 Det var mange som kom til Jerusalem med gåver til Herren og med dyre eigneluter til Hiskia, Juda-kongen. Og han vart høgt æra hjå alle folkeslag etter dette.

Siste styringsåra åt Hiskia

24 På den tid vart Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då bad han til Herren, og Herren svara og gav han eit underfullt teikn.

25 Men Hiskia var ikkje takksam for den velgjerninga som han hadde røynt; han vart hovmodig. Då vart Herren harm på han og på folket i Juda og Jerusalem.

26 Men Hiskia audmykte seg, endå så hovmodig han var, og det same gjorde Jerusalems-buane. Difor kom ikkje Herrens vreidedom over dei så lenge Hiskia levde.

27 Hiskia vann stor rikdom og ære. Han laga seg skattkammer, der han gøymde sølv og gull og dyre steinar, balsamolje, våpen og allslags fine ting.

28 Han bygde lagerhus til avlinga av korn og druesaft og olje og fjøs til bufe av alle slag, og han la seg til buskap på båsen.

29 Like eins bygde han byar og fekk seg småfe og storfe i mengd; for Gud hadde gjeve han mykje gods.

30 Det var Hiskia som stengde det øvre utlaupet av Gihon-kjelda og leidde vatnet under jorda til vestsida av Davids-byen. I alt han tok seg føre, hadde han lukka med seg.

31 Så var det òg den gongen det kom sendemenn frå fyrstane i Babylonia. Dei sende bod til han og ville høyra om det underfulle teiknet som hadde synt seg i landet. For at Gud gjekk ifrå han, det var berre av di han ville setja han på prøve og finna ut kva som budde i hjarta hans.

32 Det som elles er å seia om Hiskia og dei gode gjerningane hans, det står skrive i synene åt profeten Jesaja Amosson og i boka om Juda- og Israels-kongane.

33 Hiskia gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han på ein høg stad mellom gravene åt Davids etterkomarar. Alt folket i Juda og Jerusalem synte han stor ære då han døydde. Manasse, son hans, vart konge etter han.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36