2. Krønikebok 18 N78NN

Akab og profeten Mika Jimlason

1 Endå Josjafat hadde vunne så stor rikdom og ære, lét han son sin gifta seg med dotter til Akab.

2 Nokre år etter fór han ned til Akab i Samaria. Akab slakta ei mengd med småfe og storfe for han og dei mennene han hadde med seg, og eggja han til å fara i hærferd mot Ramot i Gilead.

3 «Vil du fara med meg til Ramot i Gilead?» sa Akab, Israels-kongen, til Josjafat, Juda-kongen. Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk; vi går med deg i krigen.»

4 Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør fyrst Herren til råds!»

5 Då kalla Akab saman profetane, fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far du! Gud vil gje byen i hendene dine, konge.»

6 Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?»

7 Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han; for han spår meg aldri noko godt, berre vondt. Det er Mika Jimlason.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»

8 Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skunda deg og henta Mika Jimlason!»

9 Imedan sat Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol på ein treskjevoll utmed byporten i Samaria, og alle profetane stod framføre dei og sa fram spådomane sine.

10 Då laga Sidkia, son til Kena’ana, seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.»

11 Og alle dei andre profetane spådde like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

12 Sendebodet som hadde gått av stad og skulle henta Mika, sa til han: «Dei andre profetane spår alle som ein at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du òg!»

13 Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det min Gud seier til meg, det må eg tala.»

14 Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far de, så skal de ha lukka med dykk! Dei skal gjevast i dykkar hand.»

15 Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»

16 Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreitt utover fjella som ein saueflokk utan gjætar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»

17 Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa deg: Han spår meg aldri noko godt, berre vondt?»

18 Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod ikring han, somme på høgre og somme på venstre sida.

19 Då spurde Herren: «Kven vil dåra Akab, Israels-kongen, så han gjer ei hærferd til Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.

20 Då gjekk ånda fram, stod for Herrens åsyn og sa: «Eg skal dåra han.» «Korleis?» spurde Herren.

21 Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du kan få dåra han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»

22 Så har då Herren lagt ei lygnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Men han har varsla ulukke for deg.

23 Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og gav Mika eit slag på kinnet og sa: «Korleis har Herrens Ande fare over frå meg for å tala til deg?»

24 Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ein stad der du kan gøyma deg.»

25 Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til byhovdingen Amon og kongssonen Joasj

26 og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel, og lat han leva på vatn og brød til eg kjem uskadd heim att!»

27 Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folkeslag!»

Akab fell

28 Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.

29 Og Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg den vanlege kledebunaden din.» Så kledde Israels-kongen seg ut og gjekk i striden.

30 No hadde aramearkongen sagt frå til hovdingane for stridsvognene sine: «De skal ikkje ta på nokon, anten dei er små eller store, anna enn på Israels-kongen.»

31 Då hovdingane for stridsvognene fekk auga på Josjafat, sa dei: «Det er Israels-kongen.» Så snudde dei seg dit og ville strida mot han. Då sette Josjafat i eit høgt rop, og Herren hjelpte han. Gud fekk dei til å venda seg bort frå han.

32 Straks vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg bort frå han.

33 Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjestakken og brynja. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg ut or slaget! Eg er såra.»

34 Striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen heldt seg oppreist i vogna, så han kunne fylgja striden mot aramearane heilt til kvelds. Men då sola gladde, døydde han.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36