2. Krønikebok 3 N78NN

Salomo byggjer templet

1 Så tok Salomo til å byggja Herrens hus i Jerusalem, på Moria-fjellet. Det var der Herren hadde synt seg for David, far hans, på den staden David hadde samla vyrke, på treskjevollen til jebusitten Ornan.

2 Det var i den andre månaden i det fjerde året av kongedømet sitt han tok til med bygginga.

3 Såleis var grunnvollen Salomo la då han skulle byggja Guds hus: Lengda var seksti alner etter gamalt mål og breidda tjue alner.

4 Forhalla framfor tempelromet var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og tjue alner høg. Innvendes kledde han henne med reint gull.

5 Sjølve tempelromet kledde han med sypressbord og la det med ekte gull og sette palmer og kjeder på det.

6 Han prydde romet med dyre steinar, og gullet han bruka, var kome frå Parvajim.

7 Heile romet, både bjelkane, dørstokkane, veggene og dørene kledde han med gull, og på veggene skar han ut kjerubar.

8 Så laga han det høgheilage romet. Det var tjue alner langt, så lengda på det svara til breidda på huset, og tjue alner breitt. Og han la det med ekte gull, som vog seks hundre talentar.

9 Naglane var av gull og vog femti sekel. Loftsroma la han òg med gull.

10 I det høgheilage romet laga han to støypte kjerubar og kledde dei med gull.

11 Vengene åt kjerubane var til saman tjue alner lange. Den eine kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang og rakk bort til tempelveggen. Hin vengen var òg fem alner og nådde bort til vengen åt den andre kjeruben.

12 Og den andre kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang og rakk bort til veggen. Hin vengen var òg fem alner og nådde bort til vengen åt den fyrste kjeruben.

13 Såleis mælte vengene åt desse kjerubane i si fulle lengd tjue alner. Sjølve stod dei oppreiste og snudde andletet mot tempelromet.

14 Så laga han forhenget av fiolett, karmosinraud og purpurraud ull og av lin, og han sette kjerubar på det.

15 Framfor templet laga han to søyler; dei var til saman trettifem alner lange, og søylehovudet var fem alner høgt.

16 Han laga kjeder som han sette øvst på søylene; og til kjedene feste han hundre granateple som han hadde laga.

17 Sidan reiste han søylene framfor templet, ei på høgre og ei på venstre sida. Den til høgre kalla han Jakin og den til venstre Boas.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36