2. Krønikebok 13 N78NN

Kong Abia vinn over Jeroboam

1 I det attande styringsåret åt Jeroboam vart Abia konge i Juda.

2 Han styrte i Jerusalem i tre år. Mor hans heitte Ma’aka og var dotter til Uriel frå Gibea. Mellom Abia og Jeroboam var det ufred.

3 Abia byrja krigen med ein hær av djerve stridsmenn, fire hundre tusen utvalde krigarar. Men Jeroboam fylka mot han ein hær på åtte hundre tusen utvalde menn, djerve stridsmenn dei òg.

4 Abia gjekk opp på Semarajim-fjellet, som ligg i Efraim. Han steig fram og sa: Høyr på meg, Jeroboam og heile Israel!

5 De veit då at Herren, Israels Gud, gav David og etterkomarane hans kongedømet i Israel til evig tid, og det stadfeste han med ei pakt som vart vigsla med salt.

6 Men Jeroboam Nebatsson, som tente Salomo, Davids son, reiste seg mot herren sin.

7 Det samla seg om han ein flokk lause karar og ringe menn. Dei fekk makta over Rehabeam, son til Salomo. Rehabeam var ung og veik og kunne ikkje stå seg mot dei.

8 Og no tenkjer de at de kan stå dykk mot Herrens kongedøme, som Davids-sønene har i si hand. De er då ein stor hop og har med dykk dei gullkalvane som Jeroboam fekk laga til gudar for dykk.

9 Har de ikkje jaga bort Herrens prestar, Arons-sønene, og levittane og sett inn eigne prestar liksom folka i andre land? Kvar den som kjem med ein ung okse og sju verar og vil få prestevigsle, han vert prest for desse gudane, som ikkje er gudar.

10 Men vår Gud er Herren, og vi har ikkje gått bort frå han. Dei prestane som gjer teneste for Herren, er etterkomarar etter Aron, og levittane greier arbeidet sitt.

11 Kvar morgon og kvar kveld ber dei fram brennoffer og velluktande røykjelse for Herren og legg fram skodebrød på det reine bordet. Og kvar kveld kveikjer dei lampene på gull-ljosestaken. For vi held oss etter det som Herren vår Gud har fastsett; men de har gått bort frå han.

12 Sjå, Gud er med oss, og han er føraren vår. Vi har prestane hans mellom oss, og dei skal blåsa i trompetar når vi går til strid mot dykk. Israelittar, strid ikkje mot Herren, dykkar fedrars Gud! For det skal ikkje lukkast for dykk.

13 Imedan hadde Jeroboam late ein flokk gå utanom judearane og koma bak dei, såleis at dei hadde hæren framføre seg og denne flokken i ryggen.

14 Då judearane snudde seg og fekk sjå at dei hadde fiendar både framfor og bak seg, ropa dei til Herren. Prestane bles i trompetane,

15 og mennene sette i eit høgt rop. Som no hærropet frå Juda-mennene ljoma, laga Gud det så at Jeroboam og heile Israels-hæren tapte for Abia og Juda-hæren.

16 Israelittane rømde for judearane, og Gud gav dei i deira vald.

17 Abia og folket hans hogg ned ei mengd med israelittar. Av dei utvalde mennene deira låg fem hundre tusen drepne på slagmarka.

18 Såleis vart israelittane kua den gongen. Juda-mennene vann, fordi dei sette si lit til Herren, sine fedrars Gud.

19 Abia sette etter Jeroboam og tok frå han byane Betel, Jesjana og Efron, alle med småbyane som høyrde til.

20 Jeroboam kom ikkje til makt meir så lenge Abia levde. Og Herren slo han, så han døydde.

21 Men Abia fekk stort velde. Han tok seg fjorten koner og fekk tjueto søner og seksten døtrer.

22 Det som elles er å seia om Abia, om det han gjorde og sa, det står skrive i sogeboka åt profeten Iddo.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36