2 Salomo stemnde til seg heile Israel: førarane for flokkar på tusen og hundre, domarane og alle stormennene i heile Israel, hovdingane over ættene,
3 og drog så med heile møtelyden til offerhaugen i Gibeon. For der stod Guds møtetelt, som Moses, Herrens tenar, hadde laga i øydemarka.
4 Men Guds paktkiste hadde David ført opp frå Kirjat-Jearim til den staden han hadde stelt til åt henne. For han hadde reist eit telt åt henne i Jerusalem.
5 Men bronsealtaret som Besalel, son til Uri Hursson, hadde laga, stod i Gibeon framfor Herrens bustad. Dit søkte Salomo og dei som han hadde kalla saman.
6 Og der, på bronsealtaret som høyrde møteteltet til, ofra Salomo til Herren; tusen brennoffer bar han fram på det.
7 Same natta synte Gud seg for Salomo og sa til han: «Sei kva du vil eg skal gje deg!»
8 Salomo svara: «Du har vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han.