4 Men Guds paktkiste hadde David ført opp frå Kirjat-Jearim til den staden han hadde stelt til åt henne. For han hadde reist eit telt åt henne i Jerusalem.
5 Men bronsealtaret som Besalel, son til Uri Hursson, hadde laga, stod i Gibeon framfor Herrens bustad. Dit søkte Salomo og dei som han hadde kalla saman.
6 Og der, på bronsealtaret som høyrde møteteltet til, ofra Salomo til Herren; tusen brennoffer bar han fram på det.
7 Same natta synte Gud seg for Salomo og sa til han: «Sei kva du vil eg skal gje deg!»
8 Salomo svara: «Du har vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han.
9 Så lat det no, Herre Gud, gå som du lova David, far min! For du har gjort meg til konge over eit folk som er talrikt som støvet på jorda.
10 Gjev meg no visdom og skjøn, så eg kan vera førar og leiar for dette folket. For kven kunne elles styra dette folket ditt, så stort som det er?»