9 Så lat det no, Herre Gud, gå som du lova David, far min! For du har gjort meg til konge over eit folk som er talrikt som støvet på jorda.
10 Gjev meg no visdom og skjøn, så eg kan vera førar og leiar for dette folket. For kven kunne elles styra dette folket ditt, så stort som det er?»
11 Då sa Gud til Salomo: «Sidan det var dette som låg deg på hjarta, og du ikkje bad om rikdom, gods og ære eller at fiendane dine skulle døy, og du sjølv måtte få leva lenge, men bad om visdom og skjøn, så du kan styra folket mitt som eg har sett deg til konge over,
12 så skal du få visdom og skjøn. Men eg vil òg gje deg så mykje rikdom, gods og ære som ingen av kongane før deg har hatt, og ingen etter deg kjem til å få.»
13 Så fór Salomo frå offerhaugen i Gibeon, bort frå møteteltet og heim til Jerusalem. Og han tok styret over Israel.
14 Salomo fekk seg mange vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem.
15 Kongen gjorde sølv og gull like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela.