11 Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»
12 Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, så som kongen hadde bede dei då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!»
13 Kong Rehabeam gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om det rådet dei gamle hadde gjeve han,
14 men svara så som dei unge hadde rådt han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»
15 Kongen høyrde ikkje på folket. Gud laga det så, fordi han ville oppfylla det ordet han hadde tala til Jeroboam Nebatsson gjennom Akia frå Sjilo.
16 Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret:«Kva del har vi i David?Vi har ingen lut i Isai-sonen.Heim til telta dine, Israel!Syt no, David, ¬for ditt eige hus!»Så fór alle israelittane heim att.
17 Og Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i Juda-byane.