3 Dei sende bod etter Jeroboam. Og så kom han og heile Israel til Rehabeam og sa:
4 «Far din la eit tungt åk på oss. Men lettar no du det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.»
5 Han svara: «Gå bort og venta i tre dagar! Kom så hit att til meg!» Så gjekk folket sin veg.
6 Kong Rehabeam samrådde seg fyrst med dei gamle, som hadde gjort teneste hjå Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?»
7 Dei sa: «Syner du deg venleg mot dette folket, gjer du dei til viljes og gjev dei eit velviljug svar, så kjem dei til å tena deg alle dine dagar.»
8 Men Rehabeam brydde seg ikkje om det rådet dei gamle gav. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han og no gjorde teneste hjå han.
9 «Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket som far min la på dei.»