1 Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Juda-folket og Benjamins-ætta, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israel og vinna riket att for Rehabeam.
2 Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja, og det lydde så:
3 «Sei til Rehabeam, son til Salomo, kongen i Juda, og til alle israelittane i Juda og Benjamin:
4 Så seier Herren: De skal ikkje dra opp og strida mot brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde om og gjekk ikkje mot Jeroboam.