10 Sora, Ajjalon og Hebron. Alle desse festningsbyane låg i Juda og Benjamin.
11 Han gjorde festningane sterke, sette inn kommandantar i dei og samla rikeleg med mat, olje og vin der.
12 I kvar by hadde han skjold og spyd. På den måten gjorde han dei svært sterke, så han kunne halda fast på Juda og Benjamin.
13 Prestane og levittane i heile Israel kom frå alle bygdene sine og gav seg under Rehabeam.
14 Levittane drog bort frå jordene og eigedomane sine og flytte til Juda og Jerusalem, fordi Jeroboam og sønene hans dreiv dei ut or prestetenesta for Herren.
15 Han sette inn andre prestar på offerhaugane, for bukkane og kalvane som han hadde laga.
16 Og med prestane og levittane fylgde det or alle Israels-ættene folk som la vinn på å søkja Herren, Israels Gud; dei kom til Jerusalem og ville ofra til Herren, sine fedrars Gud.