15 Han sette inn andre prestar på offerhaugane, for bukkane og kalvane som han hadde laga.
16 Og med prestane og levittane fylgde det or alle Israels-ættene folk som la vinn på å søkja Herren, Israels Gud; dei kom til Jerusalem og ville ofra til Herren, sine fedrars Gud.
17 Dei styrkte kongedømet i Juda og trygde riket for Rehabeam, son til Salomo, i tre år. For så lenge fylgde dei i Davids og Salomos fotefar.
18 Rehabeam tok Mahalat til kone. Ho var dotter til Jerimot Davidsson og Abihajil, dotter til Eliab Isaison.
19 Med henne fekk han sønene Je’usj, Sjemarja og Saham.
20 Sidan tok han Ma’aka Absalomsdotter til kone. Med henne fekk han Abia, Attai, Sisa og Sjelomit.
21 Rehabeam heldt meir av Ma’aka, dotter til Absalom, enn av alle dei andre konene og fylgjekonene sine. For han hadde teke seg atten koner og seksti fylgjekoner og fekk tjueåtte søner og seksti døtrer.