19 Med henne fekk han sønene Je’usj, Sjemarja og Saham.
20 Sidan tok han Ma’aka Absalomsdotter til kone. Med henne fekk han Abia, Attai, Sisa og Sjelomit.
21 Rehabeam heldt meir av Ma’aka, dotter til Absalom, enn av alle dei andre konene og fylgjekonene sine. For han hadde teke seg atten koner og seksti fylgjekoner og fekk tjueåtte søner og seksti døtrer.
22 Rehabeam sette Abia, son til Ma’aka, til hovding og førar mellom brørne; for han var meint på å gjera han til konge.
23 Men samstundes var han så klok at han lét alle sønene sine bu rundt ikring i heile Juda og Benjamin, i alle festningsbyane der. Han sytte for at dei hadde flust med mat og lét dei få mange koner.