4 Så seier Herren: De skal ikkje dra opp og strida mot brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde om og gjekk ikkje mot Jeroboam.
5 Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde mange av byane i Juda om til festningsbyar.
6 Såleis bygde han Betlehem, Etam, Tekoa,
7 Bet-Sur, Soko, Adullam,
8 Gat, Maresja, Sif,
9 Adorajim, Lakisj, Aseka,
10 Sora, Ajjalon og Hebron. Alle desse festningsbyane låg i Juda og Benjamin.