1 Då Rehabeam hadde kongedømet fast i si hand, og han sjølv var sterk vorten, vende han seg frå Herrens lov, og heile Israel med han.
2 Så hende det i femte styringsåret åt Rehabeam at Sjisjak, kongen i Egypt, gjorde ei hærferd mot Jerusalem; for folket der hadde svike Herren.
3 Han kom med tolv hundre stridsvogner og seksti tusen hestfolk og ein tallaus hop som fylgde han frå Egypt: libyarar, sukkittar og nubiarar.
4 Han tok festningsbyane i Juda og kom heilt til Jerusalem.
5 Då kom profeten Sjemaja til Rehabeam og stormennene i Juda som hadde samla seg i Jerusalem fordi dei var redde Sjisjak. Og han sa til dei: «Så seier Herren: De har vendt dykk frå meg. Difor vender eg meg frå dykk og gjev dykk i Sjisjaks hand.»