12 Fordi Rehabeam gjorde seg mjuk, vende Herrens vreide seg frå han. Han ville ikkje heilt gjera ende på han. Det fanst då endå noko godt i Juda.
13 Så sat Rehabeam atter trygg i Jerusalem og styrte riket sitt. Han var førtiein år gamal då han vart konge, og sytten år styrte han i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut i alle Israels-ættene og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Na’ama og var frå Ammon.
14 Rehabeam gjorde det som vondt var; for han la ikkje vinn på å søkja Herren.
15 Det som er å fortelja om Rehabeam, frå fyrst til sist, det står skrive i bøkene åt profeten Sjemaja og sjåaren Iddo, saman med ættelista hans. Mellom Rehabeam og Jeroboam var det ufred heile tida.
16 Så gjekk Rehabeam til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, og Abia, son hans, vart konge etter han.