6 Då gjorde dei seg mjuke, både stormennene i Israel og kongen, og sa: «Herren er rettferdig.»
7 Og då Herren såg at dei hadde gjort seg mjuke, kom Herrens ord til Sjemaja, og det lydde så: «Sidan dei har gjort seg mjuke, vil eg ikkje tyna dei; eg lèt dei så vidt sleppa unna. Harmen min skal ikkje ausast ut over Jerusalem gjennom Sjisjak.
8 Men dei skal verta tenarane hans, og då skal dei få kjenna kor stor skilnad det er på å tena meg og å tena kongane i andre land.»
9 Så drog Sjisjak, egyptarkongen, mot Jerusalem. Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongsgarden. Like eins tok han gullskjolda som Salomo hadde fått laga.
10 I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette hovdingane over livvakta som heldt vakt ved slottsporten, til å ta vare på dei.
11 Og kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, kom vaktene og bar desse skjolda og tok dei så med seg attende til vaktromet.
12 Fordi Rehabeam gjorde seg mjuk, vende Herrens vreide seg frå han. Han ville ikkje heilt gjera ende på han. Det fanst då endå noko godt i Juda.