1 Så gjekk Abia til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Asa, son hans, vart konge etter han. I hans dagar hadde landet fred i ti år.
2 Asa gjorde det som godt og rett var i augo åt Herren hans Gud.
3 Han fekk bort altara for framande gudar og offerhaugane, slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane.
4 Han sa til folket i Juda at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, og halda lova og boda.