10 drog Asa ut mot han. Dei fylka seg til strid i dalen nord for Maresja.
11 Då ropa Asa til Herren sin Gud og sa: «Herre, for deg kjem det ut på eitt om den du vil hjelpa, er mektig eller maktlaus. Hjelp oss, Herre, vår Gud! For det er deg vi set vår lit til, og i ditt namn har vi gått mot denne store hopen. Herre, du er vår Gud. Syn at ikkje eit menneske kan stå seg mot deg!»
12 Då laga Herren det så at nubiarane tapte for Asa og judearane og laut røma.
13 Asa og folket som var med han, forfylgde dei heilt til Gerar, og nubiarane fall til siste mann. Dei vart knuste der Herren og hans hær fór fram, og judearane tok med seg eit uhorveleg hærfang.
14 Dei tok alle byane kring Gerar; for ei redsle frå Herren var komen over folket der. Dei plyndra alle desse byane; for der var det mykje å ta.
15 Dei slo òg i hel nokre menn som dreiv med feal, og førte bort ei mengd med sauer og kamelar. Så fór dei heim att til Jerusalem.