15 Og heile Juda-folket gledde seg over denne eiden; for dei hadde svore han av heile sitt hjarta og søkt Herren med all sin vilje. Difor laga han det så at dei fann han, og han gav dei ro på alle kantar.
16 Kong Asa tok jamvel frå Ma’aka, farmor si, dei rettar som fylgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit grysjeleg bilete for Asjera. Dette biletet hogg han ned, knuste det og brende det i Kedron-dalen.
17 Men offerhaugane i Israel vart ikkje nedlagde. Likevel heldt Asa seg til Herren av heile sitt hjarta så lenge han levde.
18 Dei gåvene som far hans hadde vigt til Herren, og dei han sjølv hadde vigt, førte han til Guds hus. Det var både sølv og gull og andre ting.
19 Det var ingen ufred før i det trettifemte styringsåret åt Asa.