2 Han steig fram for Asa og sa til han: «Høyr på meg, Asa og alle de frå Juda og Benjamin! Herren er med dykk så sant de held dykk til han. Og søkjer de han, lagar han det så at de finn han. Men vender de dykk bort frå han, vender han seg bort frå dykk.
3 I lang tid hadde Israel ingen sann Gud, ingen prest som lærte dei, og inga lov.
4 Men når dei kom i naud, vende dei om til Herren, Israels Gud, og søkte han, og då laga han det så at dei fann han.
5 I dei dagar kunne ingen ferdast trygt, korkje ute eller heime; for det var stor uro mellom folk i alle land.
6 Folk støytte mot folk og by mot by; for Gud skapte uro mellom dei med allslags trengsler.
7 Men ver ved godt mot, og lat ikkje hendene siga! De skal nok få løn for det de gjer.»
8 Då Asa høyrde desse orda og den spådomen som Asarja, son til Oded, bar fram, fekk han nytt mot og sytte for å få bort dei ufyselege gudebileta i heile Juda og Benjamin og i dei byane han hadde teke i Efraims-fjella. Og han sette i stand Herrens altar som stod framfor forhalla i templet.