4 Men når dei kom i naud, vende dei om til Herren, Israels Gud, og søkte han, og då laga han det så at dei fann han.
5 I dei dagar kunne ingen ferdast trygt, korkje ute eller heime; for det var stor uro mellom folk i alle land.
6 Folk støytte mot folk og by mot by; for Gud skapte uro mellom dei med allslags trengsler.
7 Men ver ved godt mot, og lat ikkje hendene siga! De skal nok få løn for det de gjer.»
8 Då Asa høyrde desse orda og den spådomen som Asarja, son til Oded, bar fram, fekk han nytt mot og sytte for å få bort dei ufyselege gudebileta i heile Juda og Benjamin og i dei byane han hadde teke i Efraims-fjella. Og han sette i stand Herrens altar som stod framfor forhalla i templet.
9 Så kalla han saman alt folket i Juda og Benjamin og dei innflyttarane frå Efraim, Manasse og Simeon som budde mellom dei. For mange israelittar hadde gått over til Asa då dei såg at Herren hans Gud var med han.
10 I det femtande styringsåret åt Asa, i den tredje månaden, samla folket seg i Jerusalem.