9 Så kalla han saman alt folket i Juda og Benjamin og dei innflyttarane frå Efraim, Manasse og Simeon som budde mellom dei. For mange israelittar hadde gått over til Asa då dei såg at Herren hans Gud var med han.
10 I det femtande styringsåret åt Asa, i den tredje månaden, samla folket seg i Jerusalem.
11 Same dagen ofra dei til Herren sju hundre oksar og sju tusen sauer av det hærfanget dei var komne heim med.
12 Og dei gjorde den avtalen at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, av heile sitt hjarta og heile sin hug,
13 og at alle som ikkje søkte Herren, Israels Gud, skulle døy, både små og store, menn og kvinner.
14 Dei svor Herren truskap med høg røyst og med fagnadrop medan trompetar og horn ljoma.
15 Og heile Juda-folket gledde seg over denne eiden; for dei hadde svore han av heile sitt hjarta og søkt Herren med all sin vilje. Difor laga han det så at dei fann han, og han gav dei ro på alle kantar.