1 I det trettisjette styringsåret åt Asa gjorde Basja, Israels-kongen, ei hærferd mot Juda. Han bygde festningsverk i Rama, så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.
2 Då tok Asa fram sølv og gull frå skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden. Han sende det til Benhadad, kongen i Aram, som budde i Damaskus, med desse orda:
3 «Som du veit, er det ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, Israels-kongen, så han må fara bort frå meg.»
4 Benhadad gjorde som kong Asa sa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel, og dei tok Ijjon, Dan og Abel-Majim og alle lagerhusa i Naftali-byane.