5 Då Basja fekk melding om dette, heldt han opp med å byggja festningsverk i Rama. Han la ned det arbeidet.
6 Men kong Asa tok heile Juda-folket med seg, og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde nytta då han bygde ut Rama. Med det reiste Asa festningsverk i Geba og Mispa.
7 Ved det leitet kom sjåaren Hanani til Asa, Juda-kongen, og sa til han: «Fordi du sette di lit til aramearkongen og ikkje til Herren din Gud, difor har hæren åt aramearkongen sloppe ut or hendene dine.
8 Hadde ikkje nubiarane og libyarane òg ein stor hær med stridsvogner og hestfolk i mengd? Men fordi du den gongen leit på Herren, gav han dei i ditt vald.
9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»
10 Då vart Asa harm på sjåaren og sette han i fengsel; så arg var han på han for dette. På same tid fór han hardt fram mot andre av folket.
11 Det som er å seia om Asa, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om kongane i Juda og Israel.