1 Etter Asa vart Josjafat, son hans, konge. Han freista å styrkja makta si mot Israel.
2 Han la hærflokkar i alle festningsbyane i Juda og sette vaktpostar både i Juda og i dei byane som Asa, far hans, hadde teke i Efraim.
3 Herren var med Josjafat, fordi han ferdast på dei vegane som David, ættefar hans, hadde fylgt i si fyrste tid. Han søkte ikkje råd hjå Ba’al-gudane,
4 men hjå Gud åt far sin. Han heldt seg etter boda hans og fór ikkje åt som dei gjorde i Israel.
5 Difor trygde Herren kongsmakta for Josjafat, og heile Juda kom til han med gåver, så han fekk stor rikdom og ære.
6 Og medan han gjekk på Herrens vegar, auka motet hans, og han sytte for å få bort offerhaugane og Asjera-pålane i Juda.