15 jamsides han Johanan, som var førar for to hundre og åtti tusen;
16 og jamsides han Amasja, son til Sikri, som av fri vilje hadde gått i Herrens teneste med to hundre tusen djerve krigarar.
17 Frå Benjamin var det Eljada, ein djerv krigar, med to hundre tusen mann som var væpna med boge og skjold,
18 og jamsides han Josabad med hundre og åtti tusen stridsbudde menn.
19 Dette var dei mennene som gjorde teneste hjå kongen, forutan dei som kongen hadde lagt i festningsbyane rundt ikring i heile Juda.