4 men hjå Gud åt far sin. Han heldt seg etter boda hans og fór ikkje åt som dei gjorde i Israel.
5 Difor trygde Herren kongsmakta for Josjafat, og heile Juda kom til han med gåver, så han fekk stor rikdom og ære.
6 Og medan han gjekk på Herrens vegar, auka motet hans, og han sytte for å få bort offerhaugane og Asjera-pålane i Juda.
7 I det tredje styringsåret sitt sende Josjafat nokre av hovdingane sine ut for å læra folket i Juda-byane; det var Ben-Hajil, Obadja, Sakarja, Netanel og Mikaja.
8 Saman med dei sende han levittane Sjemaja, Netanja, Sebadja, Asael, Sjemiramot, Jonatan, Adonja, Tobia og Tob-Adonja og så prestane Elisjama og Joram.
9 Når dei lærte i Juda, hadde dei Herrens lovbok med seg. Såleis fór dei ikring i alle Juda-byane og lærte folket.
10 Då kom det ei redsle frå Herren over alle land og rike som låg kring Juda, så dei ikkje torde gå til strid mot Josjafat.