1 Josjafat, Juda-kongen, fór uskadd heim att til Jerusalem.
2 Då kom sjåaren Jehu, son til Hanani, ut mot han og sa: «Skal du hjelpa den gudlause og halda av dei som hatar Herren? For dette kviler Herrens vreide over deg.
3 Men noko godt finst det hjå deg. Du har rudt ut Asjera-pålane or landet og lagt vinn på å søkja Gud.»
4 Josjafat drygde no ei tid i Jerusalem. Men sidan fór han atter ikring mellom folket, frå Be’er-Sjeba til Efraims-fjella, og førte dei attende til Herren, deira fedrars Gud.