2 Då kom sjåaren Jehu, son til Hanani, ut mot han og sa: «Skal du hjelpa den gudlause og halda av dei som hatar Herren? For dette kviler Herrens vreide over deg.
3 Men noko godt finst det hjå deg. Du har rudt ut Asjera-pålane or landet og lagt vinn på å søkja Gud.»
4 Josjafat drygde no ei tid i Jerusalem. Men sidan fór han atter ikring mellom folket, frå Be’er-Sjeba til Efraims-fjella, og førte dei attende til Herren, deira fedrars Gud.
5 Han sette inn domarar i landet, i alle festningsbyane i Juda, by for by.
6 Og han sa til domarane: «Akta vel på kva de gjer! Det er ikkje for menneske de dømer, men for Herren. Og han er hjå dykk når de feller dom.
7 Så lat då otte for Herren vera over dykk! Ver varsame i all dykkar ferd! For hjå Herren vår Gud finst det ingen urett. Han gjer ikkje skil på folk og tek ikkje muter.»
8 I Jerusalem òg sette Josjafat nokre av levittane og prestane og nokre av Israels ættehovdingar til å ta seg av Herrens lov og til å døma i saker mellom folket i Jerusalem.