8 I Jerusalem òg sette Josjafat nokre av levittane og prestane og nokre av Israels ættehovdingar til å ta seg av Herrens lov og til å døma i saker mellom folket i Jerusalem.
9 Han gav dei dette påbodet: «Så skal de gjera med age for Herren, i truskap og med heilt hjarta:
10 Kvar gong frendane dykkar, kva by dei så bur i, legg fram for dykk ei sak – anten det er ei drapssak, eller det gjeld spørsmål om lov og bod, føresegner og rettsreglar, då skal de åtvara dei, så dei ikkje syndar mot Herren, og hans vreide kjem over både dykk og frendane dykkar. Dette må de gjera; elles fører de skuld over dykk.
11 Øvstepresten Amarja skal ha leiinga i alle saker som høyrer inn under Herren, og Sebadja Ismaelsson, fyrsten for Juda-ætta, i alle saker som høyrer inn under kongen. Og levittane skal vera tilsynsmenn under dykk. Gå heilhuga til verket! Herren vere med den som gjer det som godt er!»