1 Salomo tenkte no på å byggja eit hus åt Herren og ein kongsgard åt seg sjølv.
2 Han tok ut sytti tusen mann til berarar, åtti tusen mann til å hogga stein i fjellet og tre tusen seks hundre til å ha tilsyn med arbeidsfolket.
3 Så sende Salomo bod til Hiram, kongen i Tyrus, og sa: «Gjer no det same for meg som du gjorde for David, far min, då du sende han sedertre, så han kunne byggja seg eit hus til å bu i.
4 No vil eg byggja eit hus for Herren min Gud og vigsla det til han, så vi kan brenna velluktande røykjelse for hans åsyn, dagleg leggja fram skodebrød og ofra brennoffer morgon og kveld på sabbatane, nymånedagane og høgtidene åt Herren vår Gud – det kviler for alle tider på Israel.
5 Og det huset eg vil byggja, skal vera stort; for vår Gud er større enn alle gudar.
6 Men kven maktar vel byggja eit hus for han? Himmelen, den høge himmel, rømer han ikkje. Kven er då eg? Kan eg byggja eit hus åt han? Det måtte vera til å bera fram offer i.