10 Til livssopphald for mennene dine, tømmerhoggarane som feller trea, gjev eg tjue tusen kor kveite, tjue tusen kor bygg, tjue tusen bat vin og tjue tusen bat olje.»
11 Hiram, kongen i Tyrus, svara i eit brev som han sende til Salomo: «Det må vera fordi Herren har folket sitt kjært, at han har sett deg til konge over det.»
12 Og Hiram skreiv vidare: «Lova vere Herren, Israels Gud, han som skapte himmelen og jorda, fordi han har gjeve kong David ein vis son, som har slikt vit og skjøn at han kan byggja eit hus åt Herren og ein kongsgard åt seg sjølv.
13 No sender eg deg ein klok og kunnig mann, ein meister som er i mi teneste.
14 Han er son til ei kvinne av Dans-ætta, og far hans er frå Tyrus. Han skjønar seg på arbeid i gull og sølv, bronse og jern, stein og tre, i purpurraud og fiolett ull, lin og karmosinraud ull. Han kan òg skjera ut i tre og tenkja ut og laga alle dei kunstverk du set han til å gjera, saman med kunstnarane dine og kunstnarane åt David, far din, herren min.
15 No kan du, herre, senda tenarane dine kveiten og bygget, oljen og vinen som du har tala om.
16 Så skal vi hogga tømmer på Libanon, så mykje som du treng, og føra det i flåtar på sjøen til Jaffa. Sidan kan du sjølv syta for å få det opp til Jerusalem.»