14 Han er son til ei kvinne av Dans-ætta, og far hans er frå Tyrus. Han skjønar seg på arbeid i gull og sølv, bronse og jern, stein og tre, i purpurraud og fiolett ull, lin og karmosinraud ull. Han kan òg skjera ut i tre og tenkja ut og laga alle dei kunstverk du set han til å gjera, saman med kunstnarane dine og kunstnarane åt David, far din, herren min.
15 No kan du, herre, senda tenarane dine kveiten og bygget, oljen og vinen som du har tala om.
16 Så skal vi hogga tømmer på Libanon, så mykje som du treng, og føra det i flåtar på sjøen til Jaffa. Sidan kan du sjølv syta for å få det opp til Jerusalem.»
17 Så tok Salomo tal på alle innflyttarane som budde i Israel – det var etter den teljinga som David, far hans, hadde halde. Då synte det seg at det var 153 600 mann.
18 Av dei tok han 70 000 til berarar, 80 000 til steinhoggarar i fjellet og 3 600 til formenn; dei skulle sjå etter at folka gjorde arbeidet sitt.