5 Og det huset eg vil byggja, skal vera stort; for vår Gud er større enn alle gudar.
6 Men kven maktar vel byggja eit hus for han? Himmelen, den høge himmel, rømer han ikkje. Kven er då eg? Kan eg byggja eit hus åt han? Det måtte vera til å bera fram offer i.
7 Så send meg då ein dugande handverkar som kan arbeida i gull og sølv, i bronse og jern, i purpurraud, karmosinraud og fiolett ull, ein som skjønar seg på treskjering. Han skal arbeida i lag med dei kunnige mennene som eg har her i Juda og Jerusalem, og som David, far min, sette til dette.
8 Og send meg sedertre, sypress- og sandeltre frå Libanon! For eg veit at mennene dine skjønar seg på å fella tre på Libanon; og mine folk skal arbeida saman med dine,
9 så eg kan få mykje tømmer. For det huset eg vil byggja, skal vera stort og staseleg.
10 Til livssopphald for mennene dine, tømmerhoggarane som feller trea, gjev eg tjue tusen kor kveite, tjue tusen kor bygg, tjue tusen bat vin og tjue tusen bat olje.»
11 Hiram, kongen i Tyrus, svara i eit brev som han sende til Salomo: «Det må vera fordi Herren har folket sitt kjært, at han har sett deg til konge over det.»