7 Så send meg då ein dugande handverkar som kan arbeida i gull og sølv, i bronse og jern, i purpurraud, karmosinraud og fiolett ull, ein som skjønar seg på treskjering. Han skal arbeida i lag med dei kunnige mennene som eg har her i Juda og Jerusalem, og som David, far min, sette til dette.
8 Og send meg sedertre, sypress- og sandeltre frå Libanon! For eg veit at mennene dine skjønar seg på å fella tre på Libanon; og mine folk skal arbeida saman med dine,
9 så eg kan få mykje tømmer. For det huset eg vil byggja, skal vera stort og staseleg.
10 Til livssopphald for mennene dine, tømmerhoggarane som feller trea, gjev eg tjue tusen kor kveite, tjue tusen kor bygg, tjue tusen bat vin og tjue tusen bat olje.»
11 Hiram, kongen i Tyrus, svara i eit brev som han sende til Salomo: «Det må vera fordi Herren har folket sitt kjært, at han har sett deg til konge over det.»
12 Og Hiram skreiv vidare: «Lova vere Herren, Israels Gud, han som skapte himmelen og jorda, fordi han har gjeve kong David ein vis son, som har slikt vit og skjøn at han kan byggja eit hus åt Herren og ein kongsgard åt seg sjølv.
13 No sender eg deg ein klok og kunnig mann, ein meister som er i mi teneste.