1 Då det leid av ei tid, hende det at moabittane og ammonittane og saman med dei ein del meunittar gjorde ei hærferd mot Josjafat.
2 Folk kom til han med melding om dette og sa: «Det kjem ein stor hær mot deg frå den andre sida av sjøen, frå Edom. Dei er alt i Haseson-Tamar» – det er En-Gedi.
3 Då vart Josjafat redd. Han vende seg til Herren og spurde han til råds, og lyste så ut ei faste over heile Juda.
4 Judearane samla seg og ville søkja hjelp hjå Herren. Frå alle Juda-byane kom dei og ville spørja Herren til råds.
5 Så steig Josjafat fram for folket som var kome saman frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framfor den nye føregarden,
6 og sa: Herre, vår fedregud! Er det ikkje du som er Gud i himmelen, og som rår over alle kongerike på jorda? I di hand er makt og velde, og det finst ingen som kan stå seg mot deg.
7 Var det ikkje du, vår Gud, som dreiv ut innbyggjarane i dette landet for Israel, folket ditt, og så gav landet til etterkomarane etter Abraham, venen din, for alltid?