15 Og han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ottast ikkje og ver ikkje redde for denne store hæren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds.
16 Far ned mot dei i morgon! Då dreg dei oppetter Hassis-bakken, og de kjem til å møta dei ved enden av dalen ut mot Jeruel-øydemarka.
17 Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stella dykk opp og stå og sjå korleis Herren frelser dykk, de Juda-menn og Jerusalems-buar. Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.»
18 Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og alt folket frå Juda og Jerusalem kasta seg ned for Herren og tilbad han.
19 Og dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med sterk og høg røyst.
20 Dagen etter tok dei ut i otta og fór til Tekoa-øydemarka. Med det same dei drog ut, steig Josjafat fram og sa: «Høyr på meg, de Juda-menn og Jerusalems-buar! Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halda stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!»
21 Sidan samrådde han seg med folket og stelte så opp ein flokk med songarar, som skulle lova Herren i heilagt skrud medan dei drog ut føre den væpna hæren. Dei skulle syngja: «Pris Herren, for hans miskunn varer til evig tid!»