28 Med harper, lyrer og trompetar drog dei inn i Jerusalem, til Herrens hus.
29 Det kom ei redsle frå Gud over alle land og rike, då dei høyrde at Herren hadde stridt mot Israels fiendar.
30 Og sidan hadde Josjafats rike fred; for hans Gud lét han få ro på alle kantar.
31 Så rådde no Josjafat i Juda. Han var trettifem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilki.
32 Josjafat heldt fram etter same vegen som Asa, far hans, hadde fylgt, og veik ikkje av frå den. Han gjorde det som rett var i Herrens augo.
33 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket hadde endå ikkje vendt hugen til sine fedrars Gud.
34 Det som elles er å seia om Josjafat, frå fyrst til sist, det står skrive i eit skrift av Jehu, son til Hanani, som er innteke i boka om Israels-kongane.