31 Så rådde no Josjafat i Juda. Han var trettifem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilki.
32 Josjafat heldt fram etter same vegen som Asa, far hans, hadde fylgt, og veik ikkje av frå den. Han gjorde det som rett var i Herrens augo.
33 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket hadde endå ikkje vendt hugen til sine fedrars Gud.
34 Det som elles er å seia om Josjafat, frå fyrst til sist, det står skrive i eit skrift av Jehu, son til Hanani, som er innteke i boka om Israels-kongane.
35 Sidan gjorde Josjafat, Judakongen, ein avtale med Akasja, Israels-kongen, han som bar seg så gudlaust åt.
36 Han vart samd med han om å byggja skip som skulle gå til Tarsis; og dei bygde nokre skip i Esjon-Geber.
37 Då tala Elieser Dodavason frå Maresja eit profetord mot Josjafat. Han sa: «Fordi du har gjort avtale med Akasja, skal Herren la tiltaket ditt mislukkast.» Og nokre av skipa forliste, så dei ikkje kunne gå til Tarsis.