5 Så steig Josjafat fram for folket som var kome saman frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framfor den nye føregarden,
6 og sa: Herre, vår fedregud! Er det ikkje du som er Gud i himmelen, og som rår over alle kongerike på jorda? I di hand er makt og velde, og det finst ingen som kan stå seg mot deg.
7 Var det ikkje du, vår Gud, som dreiv ut innbyggjarane i dette landet for Israel, folket ditt, og så gav landet til etterkomarane etter Abraham, venen din, for alltid?
8 Dei busette seg der og bygde ein heilagdom for namnet ditt. Og dei sa:
9 « Kjem det ei ulukke over oss, sverd, straffedom, pest eller uår, då vil vi gå fram for dette huset, for ditt åsyn; for i dette huset bur namnet ditt. Vi vil ropa til deg i vår naud, og du vil høyra og hjelpa.»
10 Sjå no ammonittane og moabittane og dei som bur i Se’ir-fjellet! Du gav ikkje israelittane lov til å dra inn i landa deira den gongen dei kom frå Egypt. Difor bøygde dei av og fór bort utan å øydeleggja dei.
11 Men sjå korleis dei løner oss, desse folka! No kjem dei og vil driva oss ut or landet ditt, det som du har gjeve oss til eige.