6 og sa: Herre, vår fedregud! Er det ikkje du som er Gud i himmelen, og som rår over alle kongerike på jorda? I di hand er makt og velde, og det finst ingen som kan stå seg mot deg.
7 Var det ikkje du, vår Gud, som dreiv ut innbyggjarane i dette landet for Israel, folket ditt, og så gav landet til etterkomarane etter Abraham, venen din, for alltid?
8 Dei busette seg der og bygde ein heilagdom for namnet ditt. Og dei sa:
9 « Kjem det ei ulukke over oss, sverd, straffedom, pest eller uår, då vil vi gå fram for dette huset, for ditt åsyn; for i dette huset bur namnet ditt. Vi vil ropa til deg i vår naud, og du vil høyra og hjelpa.»
10 Sjå no ammonittane og moabittane og dei som bur i Se’ir-fjellet! Du gav ikkje israelittane lov til å dra inn i landa deira den gongen dei kom frå Egypt. Difor bøygde dei av og fór bort utan å øydeleggja dei.
11 Men sjå korleis dei løner oss, desse folka! No kjem dei og vil driva oss ut or landet ditt, det som du har gjeve oss til eige.
12 Vår Gud, vil du ikkje halda dom over dei? For vi har ikkje makt nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss. Vi veit ikkje kva vi skal gjera; men augo våre er vende mot deg.