10 Likevel kom edomittane seg laus frå Juda og har styrt seg sjølve til denne dag. På same tid reiv Libna seg laus frå Joram, fordi han hadde vendt seg frå Herren, sine fedrars Gud.
11 Han bygde òg offerhaugar i Juda-fjella, fekk folket i Jerusalem til å driva avgudsdyrking og førte judearane bort frå den rette vegen.
12 Då kom det eit brev til Joram frå profeten Elia, og der stod det: Så seier Herren, Gud åt David, far din: Fordi du ikkje har fare fram som Josjafat, far din, og Asa, Juda-kongen,
13 men har fylgt den same vegen som Israels-kongane og fått Juda-folket og Jerusalems-buane til å driva avgudsdyrking, på same vis som Akabs-ætta gjorde det, og fordi du jamvel har drepe brørne dine, sønene til din eigen far, endå dei var betre enn du,
14 så vil Herren retta eit hardt slag mot folket ditt, sønene dine og konene dine og alt det du eig.
15 Og sjølv skal du få ein sjukdom, ein sjukdom i livet, som er så hard at innvolen til sist fell ut.
16 Så eggja Herren opp filistarane og dei arabarane som bur bortmed nubiarane, så dei vart harme på Joram.