15 Og sjølv skal du få ein sjukdom, ein sjukdom i livet, som er så hard at innvolen til sist fell ut.
16 Så eggja Herren opp filistarane og dei arabarane som bur bortmed nubiarane, så dei vart harme på Joram.
17 Dei gjorde ei hærferd mot Juda, trengde inn i landet og førte bort alle eigneluter som fanst i kongsgarden, og jamvel sønene og konene hans. Berre ein av sønene sine hadde han att, Joakas, som var yngst.
18 Etter alt dette lét Herren han få ein ulækjande sjukdom i livet.
19 Og til sist, då to år var lidne, førte sjukdomen til at innvolen fall ut, og han døydde i hard liding. Folket hans kveikte ikkje nokon eld til ære for han, som dei hadde gjort for fedrane hans.
20 Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år. Så gjekk han bort, og ingen sakna han. Dei gravla han i Davids-byen, men ikkje i kongegravene.