3 Far deira gav dei mange gåver: sølv og gull og dyre eigneluter og attåt det festningsbyar i Juda. Men kongedømet gav han til Joram; for han var den eldste.
4 Då Joram hadde stige opp på kongsstolen etter far sin og hadde trygt makta si, drap han alle brørne sine med sverd og like eins nokre av stormennene i Israel.
5 Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.
6 Han fylgde den same vegen som Israels-kongane og bar seg like eins åt som Akabs-ætta. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo.
7 Men Herren ville ikkje rydja ut Davids-ætta, fordi han hadde gjort pakt med David og lova at det alltid skulle lysa ei lampe for han og sønene hans.
8 I Jorams tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.
9 Då drog Joram dit med hovdingane sine og hadde alle stridsvognene med seg. Han tok ut om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og førarane for stridsvognene.